Oppslagstavle

Anmelding Duv!

Nettavisen har skrive fint om Duv! Det var triveleg!

“Når hun så har med seg Haltli og Aase, fargeleggere i superklassen, så har «Duv» blitt et kompromissløst og høyst personlig visittkort som forteller oss at Ingebjørg Loe Bjørnstad er og har ei stemme som virkelig bør lyttes til”. (Nettavisen 28. mars 2025)

 

Plateslepp!

21. mars 2025

Johoo! Plata er ute og tiilgjengeleg både i eteren og fysisk som vinyl! Eg er svært glad og stolt. Og veldig takknemleg for at Frode Haltli og Håkon Aase ville vera med og spela, og for at Øra Fonogram ville gje den ut. I kveld skal det feirast i ein aldri så liten skål!

 

Plata er i hus!

12. mars 2025

Aiai, det er skikkeleg gøy at plata har kome! Ho blir sleppt om ei veke. Om nokon vil kjøpa ho direkte frå meg sender eg gjerne! Berre gje ein lyd på epost.

 

Papp!

30. jan. 2025

Når LP-ane med DUV kjem frå trykk, vonleg i midten av februar, skal eg pakka dei inn i prima nyinnhenta emballasje og senda ut i aust og vest!

 

Workshop Griegakademet

28. jan. 2025

Det var ei glede å få koma og ha workshop i vokalimprovisasjon med masterstudentane i musikkterapi på Griegakademiet! Bergen viste seg frå si beste side.

 

Turnebooking!

24. jan. 2025

Mai Elise og eg driv og orgar konsertar med Rinnjeplata som kom ut i fjor haust. Om vi er bookbare? Javisst!

 

DUV trykk!

20, jan. 2025

Testpressen til plata DUV er lytta til og godkjend, og den blir straks sendt til trykking! Fredrik Rysjedal har laga eit veeeldig fint omslag, og eg er så spent på å få vinylen i posten om vonleg ikkje så lenge! Det er Øra Fonogram som gir den ut, og Frode Haltli og Håkon Aase spelar heilt nyyyydeleg.

 

Audioglimt på Wrap!

22. nov. 2024

Eva Pfitzenmaier og eg spela til filmar på Wrap. Det var knallande gøy! Sjå filmane her. Det vart spela på mellom anna serveringsfat og lysestakar, fiolin og blokkføyte, badeleiker og kazoo. Om eg vil gjera meir av slikt? Jesserooney.